Aktivitetsdag: Jul i gamle dagar

2. desember 2018 12.00-17.00
Vitengarden, Kviavegen 99, Nærbø

Denne søndagen vil du garantert kome i julestemning. I løpet av dagen kan du vera med på desse aktivitetane:

  • Juleverkstad der me lagar enkel julepynt og honninglys
  • Fletting av julekorger; frå dei enkle til dei med meir avansert mønster. Bli gjerne med å pynt Vitengarden sitt juletre som står i utstillinga.
  • Spikking på garden
  • Hopping i høyet og møte med dyra
  • Servering av gløgg og kromkaker i gamlehuset på garden
  • Smaksprøver på ulike julekaker:
    • Goro
    • Fattigmann
    • Smultringer
    • Flattbrød

Det blir sal av grøt i kafeen og i butikken kan du finne gilde gaver til venner og kjente, både store og små.

Vanleg inngangspris.

Dagen blir arrangert i samarbeid med vennelaget til Vitengarden og Vigre 4H.

Velkommen til gards!