Aktivitetsdag: Bli kjent med lammekjøt

Kva kan lammekjøt brukast til?

4. november 2018 12 - 17

I samarbeid med Nortura v/ Stian Espedal som er både slaktar og bokforfattar vil me ha fokus på lam som tradisjonsmat og samtidig sjå koss ein kan bruke mange delar av lammet.

Dette kan du få med deg denne dagen:

Partering av lam – Nedskjæringsdemo. Kva kan dei ulike delane av lammet brukast til og kva grønsaker passer best til dei ulike rettane? v/Stian Espedal.

Kl. 13.00 og 15.00

Matverkstad – Kom å bli med å lag ein matrett med lammekjøt. Påmelding i resepsjonen, passer for heile familien.

Kl. 12.30 kl. 13.30 kl. 14.30 kl. 15.30

Smakstest – Kva smakar du nå? Er det svin, lam eller kylling?

Quis – om lam. Premie er eit fenalår og trekninga er kl. 16.00

Elles er utstillingane opne og dyra på garden er som alltid klar for eit besøk og det er mykje høy å hoppa i på løa.

Kafeen serverer heimalaga frikassè av fårekjøt , påsmurt, kaker, pølser og mykje anna godt!

Velkommen til gards!