Afrikansk på Vitengarden

Burundidag

Ein lærar og to ungdommar frå den burundiske kommunen Butaganswa er i Hå kommune for å læra om skulevesen og politiske prosessar. Her er dei på Vitengarden og kikkar på den nye Burundi-utstillinga som opna fredag 18. februar.

Vitengarden har i samarbeid med Hå kommune laga ei utstilling om det afrikanske landet Burundi. Ho opna fredag 18. februar og legg særleg vekt på samarbeidet som kommunar og ulike aktørar på Jæren har med kommunen Butanganzwa.

Her kan ein sjå gjenstandar, klede film og bilete frå staden. I 2006 førde ei dansk kommunesamanslåing til at Hå mista sin vennskapskommune der. KS oppforda då jærkommunen til å sjå seg om etter ein ny vennskapskommune utanfor Europa.

Same året fekk Hå kommune eit brev frå organisasjonen «Kristne folk for humanitær aksjon» og ordføraren i Butanganzwa. Dei spurde om Hå kommune ville engasjera seg i utviklinga i Burundi. Det var fleire årsaker til at Hå takka ja. Ein såg gode muligheiter til å auka kunnskapen både om nord-sør spørsmål og konflikten mellom hutuar og tutsiar. Dessutan var ein av medarbeidarane i kommunen, Japhet Legentil Ndayishimiye, frå Burundi. Han kunne språka og hadde eit breitt kontaktnett i heimlandet. I oktober i fjor reiste så Hå-rådmann Lars Kolnes til Burundi. Her møtte han presidenten i republikken og temaet på møtet var eit mogleg samarbeid mellom Butaganzwa og Hå. Gjennom samtaler med Hå kommune bestemte Kruse Smith seg for å hjelpa til med å gjenreisa eit slakteri på marknadsplassen i den afrikanske kommunen. Slakteriet vart øydelagt under krigen som herja på 90-tallet.

Gaute Sømme hadde arbeidd i Kruse Smith AS i nærare 35 år. Han blei spurd om å organisere bygginga. For han var det viktig å benytte lokal arbeidskraft og lokale materialer. Målet var å inkludera alle de tre folkeslaga – hutuar, tutsiar og pygmeer – i ferdigstillinga av slakteriet. I utstillinga kan du sjå bilete og lesa meir om arbeidet.

Les kva Jærbladet skriv om saka her !