Eggande aktivitetsdag

29. mars Kl. 12-17
Vitengarden, Kviavegen 99, 4365 Nærbø
Vaksen 145 kr / barn 75 kr / familie 390 kr

Tradisjonen tru inviterer Vitengarden til ein innhaldsrik og gild aktivitetsdag palmesundag. I tillegg til alle aktivitetane du vanlegvis kan oppleva på Vitengarden, kan du denne dagen bli med på:

  • Maling av egg

  • Slakting av kylling på garden kl. 13 og 15

  • Lemminga er i gang – me har kopplam på garden

  • Koka egg på bål

Rundt på området har me gøymt 50 små påskeegg. Finn du eit egg, tar du det med til resepsjonen og får ein premie!
Det er eitt egg per barn. Finn du eit egg, er det fint om du let dei andre liggja att slik at fleire kan få gleda av å finna dei.

Utstillingane inne og ute er opne som vanleg, og dyra på garden vil gjerne ha besøk.

Kafeen serverer heimalaga suppe med rundstykke, påsmurt, kaker, pølser og mykje anna godt.

Velkommen til gards!