Del glede for lokalhistorie med nysgjerrige barn og unge.
Bankar hjartet ditt for lokalhistorie, kulturarv og levande formidling? Som pedagog hjå oss får du løfta fram Sandnes by og regionen si spennande fortid for både små og store.
Hos oss blir du ein del av eit variert formidlarteam på Vitenfabrikken, der historikarar, realfagspedagogar, samlingsforvaltarar og andre museumstilsette jobbar tett saman. Som kombinert museum og vitensenter har me eigen verkstad, planetarie, makerspace og utstillingar som inviterer til utforsking. Du får samarbeida på tvers av fag og bidra til praktisk undervisning for rundt 20 000 barn i løpet av eit år. Du får vera med og skapa gode opplevingar som engasjerer alt frå barnehagebarn, skuleelevar, studentar og lærarar.
Vitenfabrikken leverer variert undervisningsopplegg både direkte til skular, og i samarbeid med Den kulturelle skulesekken med fokus på Sandnes by si historie.
På nettsida vår kan du lesa meir om undervisningsopplegga me tilbyr i dag.
Dette får du jobba med:
- Gjera historia levande for barn og unge gjennom praktiske læringsmetodar og gode forteljingar
- Formidla til alle slags publikumsgrupper, frå små nysgjerrige til vaksne entusiastar
- Utvikla gilde undervisningsopplegg
- Gi lærarar fagleg påfyll gjennom kurs
- Skapa liv på aktivitetsdagar og arrangement
- Synleggjera tilboda våre for skulane
- Halda styr på bookingar
- Vera med i utstillings- og prosjektarbeid
- Historisk dokumentasjonsarbeid og forsking kan vera aktuelt
- Hoppa inn der avdelinga treng ein ekstra hjelpar
- Stilla opp der det trengst i organisasjonen
Interessert?