Forfattarar: Elin Ravndall Bell & Andreas Lange
På grunn av dette arbeidet, opnar museet litt seinare enn normalt for sesongen. Første opningsdag er planlagt fredag 14. juni, i samband med Sola Airshow. Denne helga vil det óg vera utvida opningstid slik at tilreisande til flyshowet kan besøke museet etter at showet er ferdig for dagen.
Utstillinga “Vi som fløy under den kalde krigen” i den nye hallen vil ha fokus på norske militærflygarar sine historier frå den tida dei tenestgjorde for det norske forsvaret under den kalde krigen mellom 1945 og 1991. Den er basert på ei pågående doktorgradsavhandling av konservator NMF i Jærmuseet, Sondre B. Hvam .Sjå kva fly nederst i artikkelen.
Tett på militærflygarane
Siegfried Hernes si historie kunne ha føyd seg inn i rekka av ein tragisk statistikk over antall militærflygarar som døyde innan militær luftfart etter andre verdskrig.*
I dag bur han i Rogaland og har bidratt ikkje berre med si historie, men og med hender, kunnskap, hovud og hjarta saman med resten av Venneforeningen Flyhistorisk Museum Sola.
*Konservator NMF i Jærmuseet, Sondre B. Hvam, kunne i sin studie om fatale militærflyulykker under den kalde krigen, dokumentere at 199 tenestegjerande miltiærpersonell omkom i ulykker med militære luftfartøy mellom 1950 og 1989 (Hvam 2019:184).
Ikkje mogleg utan Venneforeningen
«Venneforeininga har lagt ned eit enorm antall arbeidstimar med restaurering, logistikkarbeid og flytting av fly, for å få utstillinga ferdig til opning» kan leiar i Stiftelsen Flyhistorisk Museum Sola, Egil Endresen, fortelja med stoltheit i stemmen berre veker før utstillinga opnar for publikum.
Utstillinga nermer seg ferdigstilling og nå gleder både Egil og Siegfried seg til å få vise fram flya og historiene til nokon av dei som fløy for Norge under den kalde krigen.
Du kan følgje arbeidet med denne utstillinga og andre pågåande restaureringsprosjekt signert venneforeningen på Facebook-sid deira ved å trykke her. Ønskjer du å vera med på dugnadsarbeidet sjølv, er det bare å møte opp i Sømmevågen laurdagar kl. 10.00.
F.v: Vampire | T-33 T-bird | F-84G Thunderjet | RF-84F Thunderflash | | F-5 Freedom Fighter | CF-104 Starfighter | F-86K Sabre | F-86F Sabre
Kildehensvisning:
B. Hvam, S. (2019) «I dag, i fredstid, kreves det atter offervilje frå våre flygere» i Arbeiderhistorie, Volum 23 | Utgave 1, Publisert hjå Universitetsforlaget. <Tilgjengelig: https://www.idunn.no/doi/10.18261/issn.2387-5879-2019-01-10#sec-8> <Dato for tilgang: 03.06.2024>