Vi som fløy under den kalde krigen: «Take off» for ny utstilling

Utstillinga er open for allmennheita frå 14. juni, opningstider finn du her.

Torsdag 13. juni runga applausen høgt mellom veggane i den nye utstillingshallen på Flyhistorisk Museum Sola i Sømmevågen. Over 100 inviterte gjester var til stades då fylkesordførar Ole Ueland klipte snora blant historiske fly og militærflygarhistorier.

Fylkesordførar Ole Ueland fekk hjelp av to av heidersgjestene for anledninga, nemleg Siegfried Hernes og Sigbjørn Stie, to jagarflypilotar som flaug for Noreg under den kalde krigen. Det er sjølvsagt ikkje noko tilfeldigheit, for det er akkurat desse to og seks andre militærflygarar, som denne utstillinga handlar om. I utstillinga «Vi som fløy under den kalde krigen» blir ein nemleg betre kjent med personane som tenestegjorde for Noreg under den kalde krigen mellom 1948 og 1991, og flya dei flaug.

Dette hadde dei ikkje drøymt om

«For femti år sidan hadde eg ikkje drøymt om at eg kom til å bli intervjua og at det skulle inn i eit museum», seier jagarflypilot Stie, i det publikum har begynt å bevega seg i retning kakebordet. Ved sida av Stie står jagarflypilot Hernes og kan fortelja at «Det kjennest veldig bra at desse historiene kan formidlast til resten av samfunnet og at folk kan få eit innblikk i korleis livet til ein pilot var på den tida.» Og på spørsmål om kvifor desse historiene er viktig å fortelja, er dei ikkje i tvil: «Det er heilt nødvendig å vite kva som skjedde i fortida for å kunna vera betre førebudd på framtida».

Venneforeininga fekk skryt frå ordføraren i Sola kommune

«Det har vore gjennomført eit enormt dugnadsarbeid frå Venneforeininga Flyhistorisk Museum Sola», sa ordførar i Sola kommune, Janne Stangeland Rege, frå scena i det nye utstillingsbygget.

Mange dugnadstimar

Egil Endresen frå venneforeininga, som har vore prosjektleiar for den nye hallen og dugnadsarbeidet, fortel at dei har passert godt over 10.000 dugnadstimar sida arbeidet med ny utstilling begynte i 2020. Dette involverer planlegging, vask, restaurering og flytting av fly. Sjølv om eit profesjonelt løftefirma har vore nytta i prosessen med å få flya opp i tak og på veggen, så har det vore eit krevjande arbeid som ligg i botn. Endresen kunne røpe at då flya skulle inn den nye hallen var marginane så små at dei var nøydde til å dytta fleire av flya for hand, slik at dei kunne få flya inn på ein skikkeleg måte.

Frå barndomsinteresse, til formidling og forsking

F.v: Sondre B. Hvam, konservator NMF og Eirik Gurandsrud, avdelingsleiar og konservator NMF

Ein viktig tenningsmekanisme for oppstarten på denne utstillinga var ein brennande barndomsinteresse for fly som aldri sløkka. For Sondre B. Hvam, konservator NMF i Jærmuseet, skulle eit museumsbesøk frå professor i historie Marie Smith-Solbakken, med hennar lærarstudentar frå Universitetet i Stavanger i 2016 bli starten på noko stort. Professoren synst det Hvam kunne fortelja om ulykker som norske militærflygarar hadde vore involvert i, var såpass interessant at ho kom på gjentatte besøk med studentane sine i løpet av dei påfølgjande åra.

Professoren, saman med Hvam og Jærmuseet, jobba saman slik at Hvam fekk søkt på eit doktorgradsstudie i regi av NTNU, som, når han etterkvart kom inn, skulle undersøke den kalde krigen med utgangspunkt i norske militærflygarars opplevingar frå denne tida. Då arbeidet med å planlegga utstillinga i den nye utstillingshallen tok til, blei det bestemt at nokre av desse rundt 80 intervjua som Hvam gjennomførte med gjenlevande militærflygarar i studien sin, skulle bli til ei utstilling som skulle formidla den forskinga som Hvam gjorde på norske militærflygarar sine opplevingar under den kalde krigen.

Audmjuk og stolt forskar

«Det er jo veldig artig at det arbeidet du har halde på med i fem år og brukt mange tusen timar, på faktisk er blitt ei museumsutstilling og ikkje berre er ord i ei bok, men også ei visuell utstilling som me har opna her i dag», seier han. Hvam synest også dette er ein fin måte gje tilbake til dei flygarane som har gitt av sine historier for at dei skal bli teke vare på for framtida.

Stolt museumsdirektør

Museumsdirektør Atle Fiskå kunne fortelja at «denne museumsutstillinga i ein norsk kontekst er ganske unik på den måten at den er såpass direkte kopla opp til forskingsprosjektet som konservator Hvam held på med.» Fiskå kunne også fortelja om at forma på utstillinga, som sentrerer personane, verker å vera eit formidlingsvirkemiddel som fleire museum har valt å nytta seg av. Han trekk fram blant anna Bergen Sjøfartsmuseum si 2022-utstilling om korleis det var for norske sjøfolk å vera skeive til sjøs. Og ønskjer desse formidlingsgrepa velkommen.

Fiskå trur at publikum som kjem til den nye utstillinga, «Vi som fløy under den kalde krigen», på Flyhistorisk Museum Sola, vil få ei betre forståing av korleis arbeidskvardagen til militærflygarane var under den kalde krigen. «Dei pilotane som har tatt del i dette forskingsprosjektet og dei som er i denne utstillinga, har delt minner og opplevingar av livet frå cockpiten, det er viktig for samfunnet og me er stolte av å kunne bidra med å formidla desse til framtidige generasjonar.»

Dei inviterte denne dagen fekk også koma litt ekstra tett inn på pilotane Hernes og Stie sine opplevingar då dei blei intervjua av forfattar Bjørn Arild Ersland. Konferansier for anledninga var avdelingsleiar for Flyhistorisk Museum Sola, Eirik Gurandsrud, som med glimt i auge kunne presisera at trass at Tom Cruise ikkje var der i dag så ville publikum få oppleva nokon ekte «Top guns» likevel.