Sea King har vore ryggrada i norsk redningsteneste. Flyhistorisk Museum har, saman med Norsk Luftfartsmuseum og Forsvarets Flysamling, Gardermoen, lenge arbeida for at musea skal få stilla ut desse viktige maskinane. No er endeleg dei tre helikoptera på plass på sine destinasjonar.
Halenummer 060
Sea King-maskinen som skal pensjonerast på Sola har halenummer 060 og er den eldste. Den har dessutan vore med på nokre av dei store aksjonane i regionen, mellom anna redningsaksjonen etter Alexander Kielland-ulukka i 1980.
060 gjekk ut på flytid sommaren 2022. Då blei komponentar som framleis hadde flytid igjen demontert for bruk på andre maskiner i drift. Juli 2023 blei det transportert landevegen til Sola. Sidan då har teknikarar frå 330 skvadron arbeida med å gjenoppbygga helikopteret, og det gjennomførast for tida eit grundig arbeid før helikopteret skal flyttast inn i utstillingshangaren til Flyhistorisk Museum Sola. Målet er at dette skal vera på plass i løpet av våren.
Her ser de litt av arbeidet som pågår ved 330 skvadron.
Foto: Ole Johan Berg
Om de vil følgja prosessen med å gjenoppbygga flyet, vil det bli lagt ut oppdateringar på Facebooksida Sola Flymuseum.