Opplev museet digitalt

Alle Jærmuseet sine anlegg måtte brått stenga dørene 13. mars grunna covid-19. Kva tid museet kan opna for gjester igjen, er enno usikkert. I mellomtida kan du oppleva museet digitalt på fleire flater.

DigitaltMuseum

På DigitaltMuseum kan du sjå gjennom fleire tusen gjenstandar og foto frå Jærmuseet – og andre museum – sine samlingar. Her har museet òg publisert fleire digitale utstillingar, blant anna FiggjoTraktorliv og Turi-kumlokk.

Sjå Jærmuseet sine samlingar på DigitaltMuseum.

 

Dagens gjenstand eller foto

Kvar dag vert ein gjenstand frå Jærmuseet si samling presentert på Facebook. Gjenstanden er knytta til vekas tema, og viser fram gjenstandar frå alle dei sju stiftarkommunane til Jærmuseet.

Sjå kva gjenstandar som vert presenterte på Facebook.

 

Heime-eksperiment

Mange familiar bruker mykje tid saman, og treng kanskje tips til aktivitetar som kan gjerast heime. I tillegg skal lærarar planlegga vekeplan etter vekeplan med lærerike oppgåver. For å hjelpa til, har Jærmuseet laga små videosnuttar med forslag til eksperiment som kan gjerast heime.

Eksperimenta er publisert på Jærmuseet si heimeside, Facebook, YouTube og Instagram

 

Huldas Heimestell 

På Garborgsenteret sine Instagram- og Facebooksider kan du sjå episodar av «Huldas heimestell». Ørjan Zazzera Johansen er skaparen, og teiknaren, bak denne humørfylte serien. Her lærer Hulda Garborg bort å passa hus og heim i tronge tider, og kjem med forslag til gode matrettar.

Huldas heimestell finn du på Instagram og Facebook.

 

Digital Garborgløype

Ut i naturen og inn i litteraturen? Heldigvis bur me i Norge med mykje flott natur rundt oss. Ta med deg smarttelefonen eller nettbrettet og opplev litteraturen til Arne Garborg på ein ny måte i ei interaktiv formidlingsløype. Ved hjelp av QR-kodar kan du oppleva over 60 scenar i og utanfor Knudaheio, Garborgheimen og Time kyrkje, halvparten film og halvparten lydspor.

På Garborgsenteret si heimeside finn du kart over Garborgløypa.

 

Skaperklubben

Skaperklubben vert laga av dei regionale vitensentra i Norge og Naturfagsenteret. Her finn du skaparprosjekt og utfordringar som du kan gjere heime. Bygg, back, skru, lim, mekk, reparer og skap!

Skaperklubben legg ut filmar og tips på YouTube.

 

Minnebank for militærflygere

Som ein del av doktorgradsprosjektet «For våre kamerater: En studie av den kalde krigen gjennom flygernes narrativ» er det oppretta ein minnebank. Her vert det fortløpande presentert flygarar og andre som har stilt opp i prosjektet med sin historie og sine minner.

På Flyhistorisk Museum si heimeside finn du minnebanken.