Heime-eksperiment

Har du lyst å eksperimentere heime med barna? Me har filma ulike eksperiment som tips til kva de kan finna på. Dei aller fleste eksperimenta bruker utstyr som dei fleste har heime i skåpa sine. Finn fram utstyret, snurr film og skap undring og glede i heimen!

Eksperiment: Mjølkefargar

Kva treng du: Ei djup form, H-melk, oppvasksåpe, konditorfarge og eit par q-tips.

Tips: Eksperimenter gjerne med ulike typer såpe. Og fungerer det like bra om du bruker mjølk med mindre fettinnhald? Kva skjer om du held q-tipsen lenge i mjølka samanlikna med om du bare held han der ei kort stund? Kan du finne andre ting enn mjølk på kjøkkenet som gjer den same effekten? Kva er det viktig at væska inneheld for at fargane skal bevega seg rundt og blanda seg?

Me trur at det som skjer er ein reaksjon mellom fettet i mjølka og såpa. Fettet hjelper med at konditorfargen ikkje sprer seg med ein gong, og at når du tilsett såpa så blandast fettet inn med vatnet i mjølka og fargen får spreie seg fritt rundt. Kva finner du ut? Kan du finne eit eksperiment som testar denne hypotesen?

 

Eksperiment: Sugerøyrsrakett

Kva treng de: Eit sugerøyr, papir, saks og teip.

Tips: Prøv gjerne å designe og pynte din eigen rakett. Kva gjer at raketten flyr beint? Er det viktig kor du setter vingane? Kva skjer om du ikkje bruker vingar? Eller om du setter vingane på midten, som eit fly? Og kva skjer dersom du legger i vekt i raketten? Prøv for eksempel med ein liten klump kitt som du fester på raketten. Kor på raketten må vekta sitte for at raketten skal fly beint?

Me trur at det er viktig med ein balanse mellom kor tyngdepunktet til raketten er i forhold til kor (og kor store) vingane er. Kan du finne eit eksperiment som testar denne hypotesen?

 

Eksperiment: Lag ein regnboge

Kva treng de: Ei djup, avlang skål, vatn, spegel, lommelykt og eit mørkt rom

Tips: Du kan godt prøve å lyse med forskjellige lamper på spegelen. Gjer dei forskjellege regnbogar? Kva skjer om du bruker ei lampe som for eksempel lyser raudt, gjer den deg ei regnboge? Kanskje du har ei lyspære som kan lyse i forskjellege farger? Og kva skjer om du har matfarge (eller for eksempel saft, om du ikkje har matfarge) i vatnet? Kan du finne ut kva farger for eksempel gult lys eigentleg består av?

Me trur at lys ofte inneheld fleir fargar enn dei me ser. Når auga våre ser kvitt lys er det eigentleg ein blanding av fargar som til saman bler kvit. Når desse fargane slepper gjennom vatnet kjem dei ut i litt forskjellege vinklar, avhengige av kva farge lyset har. På den måten blir det ein regnboge. Kan du finne eit eksperiment som testar denne hypotesen?

 

Eksperiment: Såpebåt

Kva treng de: Ei djup, avland skål, vatn, tusj, aluminiumsfolie, saks og oppvasksåpe

Tips:

Prøv å designe din eigen båt. Kva må til for at han skal bevege seg fort gjennom vatnet? Og er det viktig med “hakket” bak, der me drypper såpa? Fungerer det med andre formar på bakenden av båten for å få han til å gå framover? Prøv gjerne og med ulike typar såpe; er det nokon som er betre enn andre? Er det forskjell på om du bruker varmt eller kaldt vatn? Og fungerer det å bruke båten to gonger utan å bytte vatnet? Kan du sjå noko av kva som skjer viss du strør peppar, kanel, eller liknande på vatnet rundt båten før du drypper i såpa?

Vatn har ei overflatespenning; nesten som ei hinne på overflata kor vassmolekyla heng betre saman i kvarandre. Det er dette som gjer at peppar, vassløparar og til og med bindersar kan flyta på vatnet

om du bare legger det forsiktig ned på denne vasshinna. Me trur at når du drypper såpe bak på båten så brytast denne overflatespenninga. Når overflatespenninga brytast bak båten blir båten dratt framover i vatnet av vassmolekyla forran båten. Kan du finne eit eksperiment som testar denne hypotesen?

 

Eksperiment: Papirhelikopter

Kva treng de: Papir, blyant, linjal og saks

Tips: Har du prøvd å pynte helikopteret ditt? Med litt fargar kan det fort likne på ein kanin, eller kanskje det er eit tøft politihelikopter? Har du lagt merke til kva veg helikopteret ditt spinner? Klarer du å få det til å spinne den andre vegen? Kan du få det til å spinne fortare eller seinare? Klarer du å lage andre formar i papir som spinner når dei faller? Kanskje du til og med klarer å finne opp ein helikopterfallskjerm?

Me trur at lengden og bredden på vingene er viktig for kor fort helikopteret spinner, og at kva veg vingene er bretta bestemmer kva veg helikopteret spinner rundt. Klarer du å finne eit eksperiment som testar denne hypotesen?