Besøk desse musea og vitensentra i sommar
Her finn du vegvising, opningstider og prisar til Jærmuseet sine lærerike museum og vitensenter som du kan besøkja denne sommaren.
Flyhistorisk Museum Sola

Historier frå norske jagarflypilotar som flaug under den kalde krigen. Lær korleis folk på Sola og området rundt vart råka av den tyske okkupasjonsmakta si invasjon under andre verdskrig. Kom tett på kampfly, redningshelikopter og klassikarane frå kommersiell luftfart.
Vitenfabrikken vitensenter og museum

Dra på stjernereise i planetariet, kom tett på 800 000 volt og lær om Sandnes si industrihistorie.
Vitengarden vitensenter og museum

Senk skuldra med dyra på garden, lær om teknologiutviklinga som muliggjorde jordbruksrevolusjonen på Jæren eller opplev ulike perspektiv på den nå nedlagde pelsdyrnæringa i utstillinga PELS som opna januar 2025.
Garborgsenteret

Lær om bidraga til det Time-baserte forfatterparet Arne og Hulda Garborg i realiseringa av nynorsk som eit offisielt skriftspråk.
Limagarden

Sjå korleis dei som hadde sau dreiv på denne fjellgarden frå 1600 talet. Kan fint kombinerast med ein tur i flotte naturomgivingar. Sal av is og forfriskingar.
Grødalandstunet

Få eit innblikk inn i livet denne historiske sjøgarden på Jæren med bygg frå 1700- og 1800- talet, kombiner gjerne med ein tur langs majestetiske Kongevegen langs Jærkysten. Sal av is og forfriskingar.
Tungenes fyr

På Nord-Jærens spydspiss finn du dette historiske fyret, nyt turområda eller bakst, kaffi eller kanskje ein is i fyrcafeen. Det er også høve til å få guida omvising oppe i sjølve fyret (40,- for vaksne medan barn går gratis.)
Garborgheimen

Opplev den dramatiske barndommen til forfattaren Arne Garborg med humoristiske og avlorlege historier.
Knudaheio


Opplev sommarstova til Arne Garborg med den nya utstillinga som opna før sommaren, kombiner gjerne besøket med dei flotte turområde og sjå om du klarar å løysa Garborgløypa.
Haugabakka

Det klassiske Jærhuset på Haugabakka har i år fått ein heilårs utandørsutstilling om pelsdyrbøndene på Klepp. Utstillinga formidlar lokal kulturhistoriske oppleving frå pelsdyrbøndene sitt perspektiv frå næringa var på sitt mest utbredte til den blei offisielt nedlagt. Utstillinga er gratis og parkering gjerast langs vegen.