Det skjer i vinterferien

Er du ein av dei mange som skal tilbringa ferien på Jæren? Kanskje får du besøk og vil ut på noko gildt saman? Fortvil ikkje, både Vitenfabrikken, Vitengarden og Garborgsenteret har eit stort aktivitetsprogram.

Barn som styrer romskipet på Vitenfabrikken.
Foto: Hans-Arvid Grødeland / Jærmuseet

Vinterferie i verdensrommet på Vitenfabrikken

Visste du at på Vitenfabrikken har vi fått eit heilt nytt og kjempestilig romskip? Her kan du gå inni, prøve ulike aktivitetar og få kjensla av å vera ein astronaut. I det store LEGO-rommet med tusenvis av LEGO-klossar, kan du bygge ein romstasjon eller ditt heilt eige romskip og på publikumsverkstaden bygger me rakettar som du får skyta ut etterpå. Kor langt går din rakett? Planetariet på Vitenfabrikken er òg eit høgdepunkt om du likar verdsrommet – len deg tilbake og reis ut til stjerner og planetar.

I tillegg vert det mange andre aktivitetar og show. Heile utstillinga på fire etasjar er open.

UngdomsMakerspace har eit eige tilbod for ungdom over 10 år tysdag, onsdag og torsdag.

Les meir om vinterferieprogrammet på Vitenfabrikken.

Vitenfabrikken har opent alle dagar. Måndag-fredag kl. 11-16, laurdag kl. 11-17 og sundag kl. 12-17.

Energi på Vitengarden

Kom til Vitengarden i vinterferien og bli med på ulike aktivitetar om energi og energiovergangar.

  • Ispinnereaksjonseksplosjon – Her kan de leggja ispinnane i eit spesielt mønster. Kva skjer når de slepp? Kom og prøv!!
  • Rube Goldbergmaskin – Me har funne fram noko rart og noko heilt vanleg frå skuffer, skap og kott, som de kan laga kjedereaksjon med.
  • Familieverkstaden «Kul energi» – Her får de sette fart i klinkekula, sende ho gjennom bølger og dalar og looper. Kula gjer tilslutt fart i ein bil som ventar i enden. Har bilens form og vekt ei betydning for kor langt bilen trillar? Familieverkstad er gratis, men de må henta plassbillett i resepsjonen.
  • I tillegg til alt med allereie har i utstillinga knytta til energi, har me funne fram nokre fine elementer som viser energi og energiovergangar godt

I tillegg er det aktivitetar både inne og ute, så her kan ein kosa seg i allslags vèr.  Utstilligane er opne, og dyra på garden er som alltid klar for eit besøk og litt kos. I høyet kan du slenga deg i tauet eller bygga ei fin hytte. Sjå her for programmet i vinteferien. Opent måndag – fredag kl. 10-15, laurdagar stengt, sundagar kl. 12-17.

Garborgsenteret

Kvar dag kl. 11.00 er det forteljarstund på Garborgsenteret. Det er gratis inngang for barn heile vinterferien, og i Time bibliotek som ligg i første etasje av Garborgsenteret er det ulike aktivitetar for barn kl. 12.00.

Tungenes fyr

Tungenes fyr har ope sundagar frå kl. 12.00 – 16.00. Her kan du gå opp i fyret, ta deg ein fin tur langs sjøen og besøka kaféen der lag og organisasjonar i Randaberg sel kake, kaffi og anna godt.