Vinterferie på Vitengarden: Kua mi, eg takkar deg!

23. februar - 2. mars
Vaksen 145 kr / barn 75 kr / maxibillett 390 kr

Kua mi, eg takkar deg!

Frå kua får me deilig mjølk og godt kjøt. Kva er forskjellen på ku og kvige? Og kva er ein kossekalv? Kva er skumma mjølk og kva er fløyte?

Bli med å separera mjølk, kinna smør og laga ost.

Det blir kviss, handmjølking av kunstig ku og mykje meir.

Dagsprogram kjem her etterkvart.

 

 

Ellers på Vitengarden er det store områder å utforska, både inne og ute. Du kan bruka timevis med store og små barn, teste siloheisen, laga biogass i utstillinga «Mykje lort og mykje varme», prøva deg som veterinær og svinga deg i svinghjulet. I underetasjen kan du sjå den nye utstillinga “Pels”. På garden kan du koma tett på gjess, høner, sauer, griser og kyr. På løa kan du hoppa i høyet.

I kafeen kan du kjøpa deilige jærske skjeva, suppe, lappar, kake og mykje meir.

 

Du kan bestille inngangsbillett til Vitengarden på førehand. Det gjer du her. 

 

Ope sundagar kl. 12-17, måndag – fredag kl. 10-15, stengt laurdagar.