Denne veka markerer Jærmuseet Skeiva Rogaland, vår regionale variant av Pride. Dette gjer me ved å byta ut logoane våre i våre Some kanalar og på skjermer inne på dei ulike musea og vitensentra i Jærmuseet-familien.
Eit viktig signal om tryggleik

-Målet er å signalisera for publikum at me er ein inkluderande og trygg stad å vera, uansett kven ein er, fortel Atle Fiskå, museumsdirektør i Jærmuseet.
-Det er viktig for Jærmuseet, som ein synleg samfunnsaktør i regionen når det gjeld utdanning, formidling og kunnskapsproduksjon, å visa at me er ein trygg plass for læring, slår museumsdirektøren fast.
Ønskjer innspel frå publikum




Jærmuseet ønskjer alltid å forbetra oss, og vil gjerne ha innspel frå publikum til korleis me kan markera Pride endå tydelegare i form av eigne arrangement neste år i museumssamanheng.