Haustferien i Jærmuseet

Skal du feriere på Jæren i haustferien eller bur du her og får besøk som du gjerne vil ta med ut på noko gildt, har Jærmuseet fleire tilbod å velga mellom. Vitenfabrikken, Vitengarden og Garborgsenteret har ope med eit rikt aktivitetsprogram:

Vitenfabrikken

På Vitenfabrikken er det mange aktivitetar for nyvitne barn og vaksne i haustferien. Her får du oppleva den heilt nye utstillinga Skru på hjernen! som er open for publikum for første gong. Bli med inn i hjernen sitt fascinerande univers – frå sansar og motorikk til kvile, læring og kunstig intelligens. Har du vore i LEGO-rommet? Her finn du over 100.000 LEGO- og DUPLO klossar i mange ulike fargar og fasongar. På Abelloftet er det magiske matematikkeksperiment, og så må du få med deg utstillinga “Vi hos Øglænd” som viser den rike industrihistoria til bedrifta Jonas Øglænd.  I Planetariet vårt får du reise ut til stjerner og planeter. På publikumsverkstaden er det mange ulike redesign-aktiviteter.

Det er ope kvar dag på Vitenfabrikken.

Takka vere vår samarbeidspartnar, Equinor, er det gratis inngang for alle barn i haustferien.

Les meir om programmet i haustferien.

Vitengarden

På Vitengarden er det i år fokus på sau og ull i haustferien. Det blir karding og spinning av ull, du kan sjå gjetarhud i aksjon, vera med på matverkstad og laga eigen filmmusikk til sauefilm i LydLab. På garden er dyra klare for eit besøk. På løa er det masse høy å hoppa i. Vitengarden har ope alle dagar utanom laurdag. Vitengarden er perfekt for alle nyvitne – små og store.

Takka vere vår samarbeidspartnar, Equinor, er det gratis inngang for alle barn i haustferien.

Les meir om programmet i haustferien.

Garborgsenteret

I haustferien er det gratis inngang for barn, og det vert gilde aktivitetar kvar dag. Her kan du blant anna teste ut Treskomysteriet, bli med på sjonglering og camera obscura.

Les meir om haustferien på Garborgsenteret.

Flyhistorisk museum Sola

Ope laurdag og sundag kl. 12 – 16. Ny utstillingshall, butikk og kafé.

Tungenes fyr

Ope sundag kl. 12-16.