Gje gåve til museet?

Kvart år får museet tilbod frå privatpersonar som ynskjer å gje noko til museet. Kanskje har du noko som me bør kjenne til?

Jærmuseet tar vare på gjenstandar, fotografi og arkivmateriale som fortel historia om kvardagsliv, arbeid og utvikling i kommunane på Jæren og i Sandnes.

Her kan du lese meir om kva Jærmuseet samlar inn, korleis du kan tilby materiale, og kva som skjer vidare i prosessen. Du får også vite kva som ligg til grunn for vurderinga.


Har du ein skatt som du meiner høyrer heime på Jærmuseet?

Då sett me stor pris på å få vita om det! Skriv oss ein e-post med følgjande informasjon:

  • Bilete av materialet: Det treng ikkje vera flotte bilete, så lenge det viser kva det er.
  • Relevante opplysningar: Me vil gjerne vite om materialet er knytt til personar og stader i regionen, eller fortel om hendingar i lokalhistoria. Til dømes: kven som har brukt, laga eller eigd materialet, og kvar det har blitt brukt? Kva tid er det lagd eller brukt? Har det ei spesiell historie?

Send e-posten til avdelingsdirektør Per Inge Bøe, pib@jaermuseet.no

 
Kva skjer vidare?

Tilboda som kjem inn vurderast av Jærmuseets inntakskomité. Denne består av samlingsforvaltar, fotoarkivar, arkivar og avdelingsdirektør. Ved behov hentar vi også ekspertise frå andre fagpersonar med relevant kunnskap. Du vil få svar innan rimeleg tid, eller vi tar kontakt dersom vi treng utfyllande informasjon.

Om Jærmuseet ønsker å takka ja til tilbodet vil du bli kontakta for å avtala tid og sted for overtaking. Vær grei og ikkje legg igjen ting på dei ulike anlegga eller send i posten utan nærare avtale om dette.

Korleis blir tilboda vurderte?

Viktige kriterium for oss er at materialet ‘fyller eit hol’ i samlingane. Det vil seie ting som me ikkje har frå før, har ei særskild tilknyting til regionen, eller faller innanfor relevante tema som samsvarer med Jærmuseets planverk.

Viktig tema i samlingane er landbruk og mekanisering av jordbruket, næringslivet på Jæren og i Sandnes – frå små handverksbedrifter til dei store industriane, navigasjon og sjøredningsteneste langs Jærkysten, luftfart og Sola flyplass, samt forfattarskapet til Arne og Hulda Garborg.

Andre ting som påverkar om tilbod blir mottatt eller avslått kan vera:

  • Om denne delen av samlinga er godt utvikla. Kanskje har me gode eksemplar i samlinga allereie.
  • Kanskje passer det betre inn i samlingane til eit anna museum.
  • Me har ikkje plass eller ressursar til å ta vare på det.
  • Tilstanden er for dårleg til at me kan bevara det.
  • Skadelege stoff i materialet som gjer det vanskeleg å handtera materialet på ein trygg måte (t.d. asbest, mugg, restar av sprøytemiddel)