Høyr her! Nå lèt me tinga fortelje

Har du høyrt om dei mystiske treskoa til Arne Garborg? Eller kva med forteljingane om dei hemmelege og risikable samlingane på Jonas Øglænd-fabrikken under krigen? Visste du forresten at det på 1950-talet var heile 95 alvorlege flyulykker med militærfly? Minst 116 menneske i Forsvaret omkom – dei fleste av dei var flygarar. Og dette skjedde altså i fredstid. Alle desse historiene har rot i ein ting frå samlinga til Jærmuseet og nå let me tinga fortelje.

I podkasten «Ting – frå Jærmuseet» får du ekte historier frå Jærmuseet sine samlingar. Kvar episode tar utgangspunkt i ein konkret ting – alt frå kvardagslege reiskapar til unike gjenstandar – og lar denne tingen opna døra til større historier om livet, menneska og utviklinga på Jæren.

No kjem snart ein ny sesong av podkasten vår!

Nokre av historiene til tinga frå Jærmuseet er allereie fortalt i sesong 1, men nå står òg andre forteljingar for tur. Programleiar Christian Gilsvik inviterer til samtalar med fagfolk og lokale forteljarar som opnar skattekistene med historier frå Jærmuseet. Nøyaktig kva historier som kjem, må ein nesten berre vente og sjå.

«Ting – frå Jærmuseet» sesong 1

I den første sesongen av «Ting – frå Jærmuseet» dykker me mellom anna ned i ein litt annleis og ganske farleg del av norsk historie – noko som ikkje vert snakka så mykje om: kvardagen til dei norske militærflygarane under den kalde krigen. Denne tida forma ikkje berre forsvaret, men òg dei som sat i cockpit og flaug dei raskaste og mest moderne flya vi hadde.  

For å kaste lys over denne litt skjulte sida av historien, har me med oss Sondre B. Hvam. Han har intervjua heile 82 flygarar – og i «Jagerflygarar på Sola – spionasje og kald krig” i sesong 1 fortel ein av dei. Sigfried Hernes fortel om kvardagen, kameratskapet og dei dramatiske møta med sovjetiske bombefly i norsk luftrom, og dette i fredstid.

Høyr denne og fleire av historiane frå podkasten her.

Sondre B. Hvam har intervjua heile 82 flygarar om kvardagen som flygar under den kalde krigen.

Podkasten er produsert av Screen Story for Jærmuseet. Logodesign av Elisabeth Tungland, samlingsforvaltar i avdeling for Samling og dokumentasjon i Jærmuseet.