Talentsentersamling: -Vitenshow i fokus

“Det er ikkje mangel på variasjon i eksperiment denne veka, frå usynlege flammar til trykkanon gir gode opplevingar og læring i lag”, fortel realfagsformidlar Jørn Hafver.

Det er onsdag 19. mars og elevar på 8. og 9. trinn frå ulike plasser i Rogaland er samla på Talentsenter i realfag, på Vitengarden. Tema for denne samlinga er vitenshow.

«Denne veka gir me elevane på talentsenter-programmet høve til å utvikla eit eiget realfagsshow,. Her kan ein setta kunnskap frå ulike samlingar inn i ein større heilskap»

“Temaa spenner frå kjemi, lys, mekanikk, lyd luft, matematikk; og tanken er at bredda i tema og fleksible ramme i eit show gir motivasjon til å jobba vidare med dei ulike faga”, slår Hafver fast og understrek at det ligg ein solid pedagogisk tanke i botn.

Det som er heilt spesielt for den læringsarenaen som med legg til rette for denne veka er elevars medverking i utviklinga av eigen læringsprosess fortel Hafver og utdjupar.

«Science Circus har mykje utstyr som elevane får tilgang på, frå kjemikaliar til kretskort, men elevane får òg gjera research og ‘pitcha’ sine idear til oss, Om det er ting me ikkje har så skaffar me det, men innafor rimelegheitas grensar», ler realfagsformidlaren.

At elevane sjølv er med på å forma sin eigne læringsprosess er viktig for å styrka motivasjon for læring, spesielt når elevane får gjera det i lag med folk på same alder som også synest kjemi, matte og fysikk er kjempekjekt å halda på med”, avsluttar realfagsformidlar Hafver i det formidlarkollegaane Fredrik Motland Kirkemo og Daniel Klovning annonserer at første gruppe er klar for å presentera vitenshowet sitt.

Er du ein lærar eller kjenner til barn/ungdom som byrjar i 5. klasse og heilt opp til VG1 skuleåret 25/26, og som ønskjer å læra meir? Då må de søkje plass på talentsenter i realfag innan 25. april 2025.