Vitengarden søkar vertar

Er du engasjert, har forteljarglede og glimt i auge? Då har du dei beste forutsetningane for å bli ein god vert!

Arbeidet som vert kan gjerne kombinerast med studier. Utstillingane våre har fokus på mat og jordbruk, dei grøne realfaga kjemi, biologi og geologi og lokalhistorie. Arbeidsoppgåvene er varierte, og me har eit godt, ungt og kreativt arbeidsmiljø.

I tillegg til vert som kan arbeida i resepsjon, i utstillingar og med publikumsaktivitetar søkar me og eigne kafévertar.

Arbeidstid: Annakvar sundag, samt muligheiter for arrangement på ettermiddag/kveldstid og i skuleferiane.

Søknad: Fyll ut kontaktskjemaet nedenfor.

Søknadsfrist: 27. april 2018

Tilsetting er frå august 2018. Me prioriterar søkjarar som kan arbeida i 2 år pga. omfattande opplæring. Me tilsett diverre ingen vertar som kun kan arbeide om sommaren.

Søknadsskjema