Vil du vera med på 4H sin matskule?

4H-matskule på Vitengarden

Er du glad i mat? Kanskje du likar å lage mat, og har lysst å lære meir om matlaging? Dette får du, om du er med på 4H sin matskule fyrste veka i august.

Me lagar mat kvar dag, eksperimenterer med mat og andre ting, besøkjer ei matbedrift og ein bonde.

Eksperimentveke 25 2010 187

Kven kan delta?

5., 6. og 7. klasse

Tidspunkt

4. – 8. august kl 8.00 – 15.00

Pris

Kr 1300,- per deltakar

Påmelding og frist

Påmeldingsfrist er 1. mai og her er det fyrste mann til mølla. Meld deg på til Helene Østby Larsen, hl@jaermuseet.no Send namn på deltakar, adresse, telefonnummar og fødselsdato.

Om barnet har særlege behov, og til dømes treng eigen assistent, må de sjølv ordna dette på førehand og melda frå til hl@jaermuseet.no

Velkommen til ei gild veke på Vitengarden!