Vibå æ komen!

starekassen_-_Copy

I den nye utstillinga kan du mellom anna sjå liveoverføring frå ein fuglekasse me har rett utanfor.

Me utvidar dei faste utstillingane med avdelinga  «Vibå æ komen»

Når me ser vipa på Jæren, veit me det er vår. Slik har det ikkje alltid vore. Fram til byrjinga av 1800-talet var berre ein liten del av Jæren dyrka, det meste var lynghei, myrar og små vatn. Vipa blei vanleg på Jæren då bøndene dyrka opp landskapet for alvor. Ho, og fleire andre fugleartar, fann mat og treivst i jordbrukslandskapet. Slik gav jordbrukslandskapet Jæren eit rikare biologisk mangfald.

Sidan har noko skjedd. Nokre fugleartar, som vipa, blir det færre av. Andre artar har forsvunne heilt. Truleg heng det saman med endringar i både kulturlandskap og driftsmetodar i jordbruket. Ei intensiv drift og monokulturar er ikkje fuglevenleg.

No flyttar fuglar inn i utstillinga saman med Brøyten. I interaktive stasjonar kan publikum bli kjent med fuglane og mellom anna prøva seg som hakkespett. Og dei kan få vita kvifor fuglane trivst på Jæren, korleis dei reagerer på endringar i kulturlandskapet og kva tiltak me kan setta inn slik at vipa kjem med våren, også i framtida.