Teknikkens dag

Carrier nett

Er du i ferd med å fikse opp ein eldre ting enten i tre, metall eller eit anna materiale? Usikker på kva som er best å behandle med?

På teknikkens dag har du anledning til å spørje konservator Eirik Aarebrot som har mykje erfaring med behandling av ulike gjenstander.

Eirik Aarebrot vil syne korleis restaurering og konservering av diverse deler frå flyet Henkel kan gjerast, samt ein traktor.

HTM – klubben

Her er noko for dei som er interessert i tekniske ”Dibbedutter”! HTM – klubben stiller med mindre motorar, maskinar som dei demonstrerer og syner til publikum.

Modellhelikopter

Noregsmeister i F3C Jon Roger Thomassen vil ha oppvisning med modellhelikopter. (Vèravhengig).

Krigshistorisk museum

I år kan publikum få oppleve ein M5 international, ein beltelastebil som vart brukt til å frakte folk ut i felten under krigen. I tillegg kjem ein universal carrier, også ein beltedrevet bil.

Båtmotorar

Jæren Kystlag stiller med eldre båtmotorar, ungane kan få lage tau på reperbanen og snekre seg små trebåtar.

Teknisk verkstad for ungane

Lag di eiga lykt. Her kan ungane læra å lodde og setje saman deler til ei veldig enkel lykt som dei får med seg. Påmelding i resepsjonen, pris: 20,-

Rakettverkstad

Lag din eigen rakett og fyr den opp i lufta med hjelp av trykkluft! Klarar du å sende raketten din lengre enn foreldra dine?

Vitengarden tar fram eigne stasjonære motorar frå samlinga. Kvart år testar me ut ein ny maskin frå samlinga, denne gongen traktoren McCormick 10-20 frå 1935.

I tillegg har me nyleg fått tilbake ein utlånt Nidaros motor. Denne er frå 1913. Me er interessert i om nokon har vore borti denne type motor og kan gje oss tips og innspel. Den har nemleg ein anna type tennapperat enn kva andre typar motorar har.

Kom å bli med på ein opplevingsrik dag med mykje motorbrøl og tekniske dibbeduttar nå på søndag kl. 12 – 17.