

Fredag 13. februar 2026 var ti lag påmelde til delfinalen i super:bit-kampen på Vitengarden. Sju lag møtte og me hadde ein flott dag med programmering! Årets tema var gaming. Laga måtte igjennom ei hinderløype med fjernstyrt bit:bot, programmera servo til flipperspel, kople led-diodar og sende bingosignal.
Hummer frå Hidra skole stakk av med sigeren, og i år var det veldig jamt mellom laga. Vinnarlaget består av Lucas, Matteus og Markus Emanuel. Me kryss fingrane for at dei vinn gulloppdraget!















