super:bit-kampen 2023

Er du klar for Norges kulaste konkurranse innafor programmering?
Vinn tur til Oslo og bidra i «Alle mot 1»-sendingen på NRK 25. mars.

Bli med på super:bit-kampen!

Les meir om kven som delta her !

Kva er super:bit-kampen?

Super:bit-kampen er ein kodekonkurranse for skuler og kodeklubbar frå heile Norge, og programmering med micro:bit er i fokus.

Eit lag kan bestå av to eller tre barn i alderen 10–13 år (5.–7. trinn).

Ved påmelding er laget klar for delfinalen, i Rogaland er delfinalen på Vitengarden (Nærbø) LØRDAG 11.FEBRUAR KLOKKEN 10.00 – 15.00. Kvart vitensenter har eit maks tal på kor mange lag som kan delta, vær tidleg ute med påmelding!

Når påmeldingsfristen har gått ut vil laget få eit oppdrag som skal løysast før delfinalen, og som skal visast fram som ein del av konkurransen. Oppdraget er å laga ein tusjhaldar til bit:boten som skal teikne eit kunstverk med minst to ulike geometriske former. Nærare info kjem.

I delfinalen skal laget løyse fleire oppdrag av ulik vanskelighetsgrad i løpet av tre timar.
Kvart vitensenter kårar eit vinnarlag frå sin delfinale som går vidare til gullfinalen.

Gullfinaleoppdraget skal laga gjera på eiga hand og sende inn resultatet til ein jury.

Vinnaren av gullfinalen er vinnaren av super:bit-kampen!

Premien til vinnarlaget av super:bit-kampen er ein invitasjon til NRK-programmet «Alle mot 1» i Oslo 25. mars. Laget får dekka reise og opphald og skal delta i sendinga. 

PÅMELDINGEN ER OPEN FRÅ 3.–13. JANUAR 2023

Super:bit-kampen vart arrangert for fyrste gong i 2022 der 154 lag frå heile Norge deltok. Vinnarlaget fekk visa fram kodeferdigheitene sine på MGPjr-finalen i Oslo.

Super:bit er eit samarbeidsprosjekt mellom Lær Kidsa Koding, vitensentera i Norge og NRK Super. Formålet med prosjektet er å auke interessa og kompetansen for programmering blant barn.