Velkommen til ein sommar med mange gilde aktiviteter på Vitengarden!
Vitengarden er ein perfekt stad å besøka om sommaren. Med dei spennande aktivitetane inne på vitensenter, ein gard med mange husdyr og høy å hoppa i, eit stort uteområde med tråtraktorer, husker, volleyballbane, benker og griller, kan du kosa deg i timesvis både i strålande sol og «pøsregn».
Bondekona på garden
I juli flyttar bondekona inn i heimehuset på garden. Her «velar ho om» og lagar tradisjonsmat som gjestene hennar får smaka på. Kanskje får du prøva mårrpølse, vannbakkel eller tjørvelsuppa? Bli kjent med husmannskosten som var vanleg kring 1950. Bondekona deler gledeleg ut oppskrift. Elles på garden er det både griser, kyr, sauer, hester og høner. Kanskje treff du på verdskjendisen vår, Batlam? Og på løa er det mykje høy og hoppa i.
Aktivitetar
Kvar veke i sommar vil me halda ulike publikumsaktivitetar som alle kan melda seg på når dei kjem til Vitengarden. Aktivitetane er som følgjer:
Veke 26: Såpeverkstad
Veke 27: Kulebane
Veke 28: Rakettverkstad
Veke 29: Drageverkstad
Veke 30: Kanelsnurr på bål
Veke 31: Dropsverkstad 30 kr i tillegg til bilettpris
Veke 32: Brusepulver
Arbeider du på SFO og ynskjer å besøke Vitengarden? De er hjarteleg velkomne og me kan reservera aktivitetar for dykk. Send ein e-post til vitengarden@jaermuseet.no
Elles er vitensenteret fullt av stasjonar og eksperiment, som er like gilde for store som små.
Velkommen til gards!
Opningstider i sommar:
Måndag – fredag kl. 10 – 16
Laurdag stengt
Sundag kl. 12 – 17