Vasskvalitet

Korleis står det eigentleg til med Audamotlandstjørna? Er ho forureina av sur nedbør, eller har kanskje overgjødsling ført til lite liv i vatnet?

Me tek med utstyr og går ned til vatnet for å undersøka tilstanden.

 

Kort om opplegget:

  • Kjemisk analyse av vassprøve
  • Sjå på vegetasjon rundt vatnet og namngje plantene.
  • Finne og namngje ulike smådyr og insekt i vatnet
  • Vurdere forureiningsgrad i vatnet
  • Korleis har menneskeleg aktivitet påverka vatnet
  • Ev diskutera ulike tiltak for å betra forholda i vatnet

 

Frå fagfornyinga:

Naturfag skal bidra til at elevane får naturopplevingar og eit fagleg grunnlag for å verne om naturressursar, bevare biologisk mangfald og bidra til ei berekraftig utvikling. Med naturfagleg språk og metodar, praksis og tenkjemåte, vil elevane få grunnlag for å forstå korleis ein nyttar og utviklar naturfagleg kunnskap.

Naturfag skal bidra til undring, nysgjerrigheit, skaparglede, engasjement og nytenking hos elevane ved at dei får arbeide praktisk og utforskande med faget. Elevane skal få innsikt i korleis menneske sitt levesett og handlingar påverkar livet på jorda. Naturen har ein eigenverdi som uavhenig av menneske si bruk og påvirkning, og naturfagleg kunnskap kan bidra til at naturen forvaltes på ein forsvarleg måte.

Naturfag, etter 10. trinn:

  • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar
  • utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp
  • gi eksempler på og drøfte aktuelle dilemmaer knyttet til utnyttelse av naturressurser og tap av biologisk mangfold

Varigheit:

2-3 timer, maks 30 elevar.

 

Kan bestillast:

Veke 17-24, 34-36

 

Praktisk informasjon:

Ta med gode klede og støvlar! Me skal være ute.

 

Pris:

Gratis

Send førespurnad