Korleis får birøktaren honningen ut av bikuba? Her får elevane vera med og slynga honning. Dei får også smaka på den ferske, gode honningen! Elevane lærer meir om honning, og kva som skjer vidare hos biene når vinteren kjem.

Kort om opplegget:

  • Slynging av honning
  • Korleis blir honning laga?
  • Kor mykje honning kan ei bikube produsera?
  • Kva næring og vitaminar finn me i honningen?
  • Korleis overvintrer biene?

Kompetansemål:

Mangfald i naturen (naturfag)

  • undersøka og diskutera nokre faktorar som kan påvirka frøspiring og vekst hjå plantar

Mat og kultur (mat og helse)

  • … bruka naturen som ressurs

Idrettsaktivitet(Kroppsøving)

  • utføre varierte aktivitetar

Varigheit: 

45 min pr 10 elevar

Kan bestillast: 

Veke 36 – 38

Pris:

Gratis

Send førespurnad