Potetsetjing

Kor veks poteta? Kor kjem poteta frå? Kva kan me bruka poteta til? Me vert betre kjent med poteta og får vera med å setja poteter slik dei gjorde før maskinane tok over dette arbeidet.

Kort om opplegget:

Vitengarden skal på ny få setja poteter, eller eple som me seier på Jæren. I det høvet vil me invitera de på småtrinnet til å vera med og setja poteter.

Jorda er ferdig opparbeida og klar. Lag gjerne eit skilt med skulen sitt namn på, som me kan setja der potetene dykkar står.

Her gjeld fyrste mann til mølla, så ver snar og finn ein dag det passar, og reserver.

Frå fagfornyinga:

Samfunnsfag, etter 2. trinn:

  • utforske og presentere korleis menneska levde for éin til to menneskealdrar sidan

Mat og helse, etter 4. trinn:

  • utnytte lokale matvarer i matlaging og presentera ledda i produksjonskjeda frå råvare til måltid

Varighet: 

09:00 – 11:00 og 11:30 – 13:30

Kan bestillast: 

Veke 18-20

Pris:

Gratis

Send førespurnad