Inni er me like

Disseksjon av hjartelungeslag frå gris.

Korleis ser menneska ut inni? Kor stort er hjarta? Kor mykje luft er det plass til i lungene? Klarer du å få grisen til å hyla?

Kort om opplegget:

  • Kva organ finn me inni grisen?
  • Hjarta, lunger, strupe, luftrøyr m.m
  • Kor mykje veg hjarta?
  • Korleis er lungene inni?
  • Kvifor renn ikkje blodet feil veg frå hjarta?

 

Frå fagfornyinga:

Helse- og oppvekstsfag vg1:

Helsefremjande arbeid:

  • Beskrive korleis kroppen er bygd opp, og forklare koleis han fungerer.

 

Biologi – fagfornyinga er ikkje klar

Frå Kunnskapsløftet:

Fysiologien til mennesket

  • gjere greie for oppbygginga av og funksjonen til sentrale organsystem i kroppen, og drøfte årsaker til sjukdommar som har samanheng med livsstil

 

Varigheit: 

1,5 time inntil 30 stk.

Kan bestillast: 

Heile året

Pris: 

30 k rpr elev + 300 kr pr time formidling

Send førespurnad