Fuglar på Jæren

Bli kjent med dei vanlegaste fugleartane på Jæren. Har du sett nokre av fuglane, men veit ikkje kva dei heiter? Korleis ser desse fuglane ut?  Kvifor kjem dei til Jæren? Korleis er dei tilpassa sin levestad? Kva for nokre trugsmål har fuglane og leveområda deira? Ein tur ut med kikkert for å sjå på fuglane høyrer også med.

Kort om opplegget:

  • Kva fugleartar har me på Jæren? Bli kjent med desse gjennom bilete, utstoppa fuglar, egg go reir.
  • Kva kjenneteikn har desse fugleartane?
  • Jæren er eit viktig fugleområde, kvifor?
  • Kva er det som trugar leveområda til fuglane på Jæren?
  • Kva kan gjerast for å hjelpa fuglane, og korleis skal me ferdast i fugleområde?
  • Tur ut for å sjå etter fuglar, kanskje og sjekka nokre fuglekassar.

Frå fagfornyinga:

Naturfag, etter 7. trinn:

  • gjøre rede for hvordan organismer kan deles inn i hovedgrupper, og gi eksempler på ulike organismers særtrekk

Varigheit: 

2 timar

Kan bestillast: 

Veke 6 – 14

Send førespurnad