Det er ikkje bare drit

Bioenergi er energi som har sitt opphav i materiale som er danna ved pågåande biologiske prosessar. Med kontrollert anaerob nedbryting av biomasse, kan me nytta energien som ligg lagra i det biologiske materialet til t.d. oppvarming og bilkøyring. På Jæren produserar dyr og menneske enorme mengder drit, denne ressursen kan me nytta.

Kort om opplegget:

  • Kva er biogass og kvifor skal me laga det?
  • Bli kjent med Superbakterien i biogassfabrikken
  • Me gjer forsøk i laboratoriet

 

Frå fagfornyinga:

Naturfag skal bidra til at elevane får naturopplevingar og eit fagleg grunnlag for å verne om naturressursar, bevare biologisk mangfald og bidra til ei berekraftig utvikling. Med naturfagleg språk og metodar, praksis og tenkjemåte, vil elevane få grunnlag for å forstå korleis ein nyttar og utviklar naturfagleg kunnskap.

Naturfag skal bidra til undring, nysgjerrigheit, skaparglede, engasjement og nytenking hos elevane ved at dei får arbeide praktisk og utforskande med faget. Elevane skal få innsikt i korleis menneske sitt levesett og handlingar påverkar livet på jorda. Naturen har ein eigenverdi som uavhenig av menneske si bruk og påvirkning, og naturfagleg kunnskap kan bidra til at naturen forvaltes på ein forsvarleg måte.

 

Varigheit: 

1,5 time pr 15 elevar

Kan bestillast: 

Heile året

Pris:

30 kr per elev + 300 kr per time formidling

Send førespurnad