Bee-bot for barnehage

Lær enkel programmering med roboten Bibot

Ver med og lær telling, måling, estimering, fargar og former med roboten Bee-bot. Bee-bot er ein liten bie- robot med pilknappar på ryggen som ungane skal programmera til å køyra der dei vil. Høgre, venstre, fram og bak. For kvart trykk på pila køyrar Bee-bot 15 cm. Me køyrer på matter med ruter på, så ei rute er eitt trykk på pila. Kor mange trykk for å køyra frå «start»- ruta til ruta med gul trekant på? Og kva gjer me om me må svinga til høgre eller venstre? Klarar me køyra til den gule trekanten og heilt tilbake til start? Kanskje kan me laga vår eigen bane med måleband? Kom og prøv, det er kjekt og lærerikt.

Frå rammeplanen:

Gjennom arbeid med antall, rom og form skal barnehagen bidra til at barna

  • oppdager og undrer seg over matematiske sammenhenger
  • utvikler forståelse for grunnleggende matematiske begreper
  • leker og eksperimenterer med tall, mengde og telling og får erfaring med ulike måter å uttrykke dette på
  • erfarer størrelser i sine omgivelser og sammenligner disse
  • bruker kroppen og sansene for å utvikle romforståelse
  • undersøker og gjenkjenner egenskaper ved former og sorterer dem på forskjellige måter
  • undersøker og får erfaring med løsning av matematiske problemer og opplever matematikkglede.

 

Varigheit: ca 45 min

 

 

Send førespurnad