Ledig stilling: vertar til Vitengarden

Som vert på Vitengarden jobbar du med å:

  • Ta imot gjester og gi informasjon om opplevingane våre
  • Ekspedera kundar i butikken
  • Vera vertskap i utstillinger ute og inne 
  • Gjennomføra spennande aktivitetar for barn og familiar
  • Bidra i kaféen med matlaging, servering og kundebehandling
  • Jobba saman med kjekke kollegaer og læra noko nytt kvar vakt

Arbeidstida vil vere:

  • Annakvar sundag (om lag 5,5 timar)
  • Skuleferiar
  • Kveldsarrangement gjennom året

Me ser etter deg som:

  • Liker å møta nye menneske
  • Er nysgjerrig og har lyst til å læra nye ting
  • Trivst når det skjer mykje rundt deg
  • Synest det er kjekt å fortelja, visa fram og skapa gode opplevingar for andre
  • Er interessert i å læra om tema og historier på Vitengarden, og formidla dei vidare til publikum
  • Tek ansvar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Kan kommunisera på norsk og gjerne også på engelsk
  • Fyller minst 15 år i løpet av 2026

Dette tilbyr me:

  • God opplæring og støtte frå erfarne kollegaer, slik at du blir trygg i rolla
  • Varierte arbeidsoppgåver der ingen dagar er heilt like
  • Eit kjekt og inkluderande arbeidsmiljø der me heiar på kvarandre
  • Verdifull arbeidserfaring som du kan ta med deg vidare
  • Løn etter tariffavtale
  • Arbeidstid etter oppsett arbeidsplan for vertar
  • Moglegheit for ekstravakter ved arrangement og i feriar

Me behandlar søknadane fortløpande