Ledig stilling: kokk på Vitengarden

Liker du å utvikla, påverka og ta ansvar? Vitengarden har ledig ei fast, 100% stilling som kokk.

Kokkestilling med litt meir på menyen

Er du glad i kokkefaget, men klar for ein kvardag som ikkje alltid følgjer same oppskrift? På Vitengarden vekslar du mellom kafédrift, bryllaup, konfirmasjonar, aktivitetsdagar og arrangement for alt frå ti til 300 gjester. Du er ikkje berre med på førebuingane. Du er med og gjennomfører, og ser resultatet når gjestene set seg til bords. Nokre gonger skal maten òg spela på lag med temaet for dagen eller ei ny utstilling. Smak og presentasjon skal sitja, anten det er eit kurs, ein enkel lunsj eller festmiddag til fullt hus.

Arbeidstida er i hovudsak på dagtid måndag til fredag, med kveld- og helgearbeid når me har selskap og arrangement. I helgene blir kaféen i stor grad driven av vertane våre. Dei serverer også i bryllaup og andre selskap, og kan avlasta på kjøkkenet i feriar og på fridagar. Du får derfor ei viktig rolle i å gje dei god opplæring, tydelege rutinar og nødvendig oppfølging.

Du blir ein del av eit lag med pedagogar, teknikarar, gardsstyrar, butikkansvarleg, reinhaldarar og andre faggrupper. Her er kjøkkenet ein del av heile Vitengarden, ikkje ei verd for seg sjølv. For den rette personen kan stillinga utvikla seg til eit hovudansvar for kafé- og kjøkkendrifta, med god overlapping frå dagens kaféansvarleg.

Dette får du jobba med:

Hjå oss får du bruka kokkefaget breitt, og me set vår ære i å laga mest mogleg av maten frå botn av.

  • Laga og presentera mat med god smak og kvalitet til kafé, selskap, bryllaup, aktivitetsdagar og andre arrangement
  • Utvikla menyar og mattilbod med rom for lokale råvarer og jærsk matkultur
  • Planleggja menyar med kundar og gjennomføra arrangement saman med vertar og kollegaer
  • Oppfølging av bookingsystemet ved bryllaup, selskap og andre arrangement
  • Læra opp og følgja opp vertane som driv kaféen i helgene og feriane og som hjelper til ved arrangement
  • Kalkulera prisar og sikra god kvalitet, fornuftig råvarebruk og lønnsam drift
  • Følgja opp innkjøp, varelager, HACCP og NORES-avtale
  • Bidra med catering til andre anlegg i Jærmuseet og samarbeida med kokkane på Vitenfabrikken

På sikt kan du få eit større ansvar for økonomi, innkjøp og vidareutvikling av heile kafé- og kjøkkentilbodet på Vitengarden.