Ei utflukt der du får oppleva det beste av det Jæren har å by på?
Vitengarden tilbyr fleire temabaserte opplevingar som går over 1, 2 og 3 timar. Her kan de blant anna få oppleva motorbrøl, det gode liv i 50-åra, jærske råvarer i friluft eller testa ut konkurranseinstinktet og samarbeidsevna i utstillingane.
Me arrangerer temabaserte opplevingar og omvisingar både i og utanfor opningstida og tilpassar det etter kva gruppe som kjem og kva interesser gruppa har.