Familiedagar

Det interaktive vitensenteret, garden og området rundt innbyr til mange spanande aktivitetar for alle aldre. Inviter dine tilsette med familien til ein dag dei seint vil gløyma!

Dei små liker ofte å kosa med dyra eller leika i vatneksperimenta i utstillinga «Snu» medan dei større ungane koser seg i høyet, står imot orkanen og finn skattar i myra. Foreldra viser vinnarinstinkt når hestekreftene vert testa – eller når Jærhuset skal byggast. Utstillinga kan utforskast på eigahand eller Vitengarden kan laga eit aktivitetsprogram for familiedagen som er tilpassa dine ønske.

Familiedagar kan arrangerast i eller utanom opningstida og kokken på Vitengarden kan ordna servering eller de kan nytta grillane på uteområdet.

Vil du leggja den neste familiedagen til Vitengarden? Fyll ut skjemaet nedanfor så tar me kontakt om tilbod og opplegg: