Kongelege køyretøy

Utstilling på Vitengarden: «Kongelige kjøretøy. Fra Berliner til Buick»

Siste visningsdag: 30. mars 2014 (Fredsbilen reiser 25. mars)

Til Kong Harald og Dronning Sonja sine 75-årsdagar i 2012, ga regjeringa dei gåva «Den kongelige reise». Gåva består av seks utstillingar med skattar frå dei kongelege samlingane av kunst, kulturhistoriske gjenstandar og fotografiar. Frå november – mars står ei av desse utstillingane på Vitengarden. Her får du sjå skattar som aldri før har blitt vist til publikum.

Fluktbilen

Kongelege køyretøy. Frå Berliner til Buick.

Normalt så er dei staselegaste køyretøya på Vitengarden, traktorane frå samlinga til museet. Traktorane har no vika plass for kongelege køyretøy, brukt mellom 1905 – 1945. I heile fire månader kan publikum ta kongelege bilar, vogner og gjenstandar brukt under reise i nærare augesyn. Sjeldan har Vitengarden hatt ei så eksklusiv samling ståande innanfor museet sine veggar.

– Bilane er utruleg flotte og har ikkje minst ei veldig spanande historie å fortelje. Forutan kong Haakons fyrste bil og kronprins Olav sin herlege leike-Cadillac, viser me og frå kroningsvogna, fluktbilen under andre verdskrig, samt reiseeffekter frå balnt andre dronning Maud, fortel Målfrid Snørteland.

Einaste på Sørvestlandet

«Kongelige kjøretøy 1905-1945. Fra Berliner til Buick» er den siste utstillinga organisert av Nasjonalmuseet som ein del av regjeringas gåve til kongeparets 75-årsdagar i 2012. Utstillinga er produsert av Museene i Sør-Trøndelag, og har vore vist i Trondheim tidliegare i år. Jærmuseet er det einaste museet som viser på utstillinga for publikum på Sørvestlandet.

20140114 Kongelegekøyrety Tormod Aass 106

– Etter stor suksess i Trondheim er det ei stor gleda å presentera utstilling på Jæren, seier Audun Eckhoff, direktør ved Nasjonalmuseet.

Unike bilete, filmopptak og tekster frå dåverandre kongeparet sitt møte med det norske folk under kroningsreisa i 1906 vert gitt plass i utstillinga. Kroningskarete er blant gjenstandane som vert vist fram i tillegg til ein Buick, kong Haakong

Kongelege samlingar i praktbok

I butikken på Nærbø kan du samstundes som du besøker utstillinga, kjøpa praktboka «Arv og Tradisjon. De kongelige samlinger»

– Vil vil gjøre samlingene tilgjengelige, seier Kong Harald i intervjuet som innleiar ei av dei vakraste bøkene utgitt i Noreg. Pris: kun kr. 100,-

Opningstider

Ynskjer du å sjå utstillinga, så er den open for publikum måndag – fredag kl 10-15 og sundag kl 12-17. Inngangsbilletten til Vitengarden gjeld òg som billett til utstillinga.

Meir informasjon?

Besøk nettsida Den kongelige reise

Marknadssjef Elin Ravndal Bell / telefon 908 03 864