Hummer, laget frå Hidra skole som gjekk av med sigeren i den regionale super:bit-kampen på Vitengarden 13. februar gjekk heilt til topps i super:bit-kampen!
Hummer, laget som gjekk av med sigeren i den regionale super:bit-kampen på Vitengarden 13. februar, er årets vinnar av Gulloppdraget! Lukas, Metteus og Markus vann Gulloppdraget med spelet Jakta på havets hemmelegheiter.
I spelet dykkar ein sel på havbotnen og møter både ein hai og ein krabbe som brukar linjesensorar når dei beveger seg. Haien kan me sjå glefse etter selen med ein munn som blir styrt av ein sensor. Selen må ha luft, og me kan sjå på LED-lysa på bit:bot-en når oksygennivået blir lågare, og selen må innom og få meir luft. Målet er å få tak i ein nøkkel som ligg i ruinane frå eit sunke skip, og med nøkkelen kan ein opne ei skattekiste.
Kort frå tilbakemeldinga frå juryen, som har representantar frå NRK Super, Lær Kidsa Koding og Vitensentera i Noreg:
Vi er svært imponerte over dette overlevingsspelet! Her ser vi at de har brukt kreativiteten dykkar i kombinasjon med kunnskap om lokal historie om sunke skip og gode kodeskills. Oppdraget er løyst på eksemplarisk vis. De viser god forståing for programmeringa de har gjort. Vi likte godt at de har brukt LED-diodane på ein kreativ måte for å representere oksygennivået hos selen. De har brukt linjesensorane på to ulike måtar, og har programmert eit eigenkomponert soundtrack som blir spelt av medan selen utforskar havbotnen. Vi har ikkje sett denne måten å programmere musikk på før!
De er verkeleg verdige vinnarar av super:bit-kampen – gratulerer så mykje!
Me gler oss til å sjå kva kjekt Hummerane skal gjere saman med gjengen i FlippKlipp!