Funn av Noregs eldste gard på Vitengarden

Arkeologar har hausten 2011 truleg funne det eldste kjente gardsbruket i Norge på Vitengarden si jord på Kvia!

Vitengarden Jærmuseet er bevisst plassert i eit område som ein visste var rikt på fornminner, særleg i kulturminneområdet Hanabergsmarka. Utgravingane som denne gong vert gjort, er utløyst av at det vert grave ei ekstra stor og brei grøft mellom det gamle og nye meieriet på Nærbø. Denne går over Kvia-garden langs jernbanelina og gjev eit 12 meter breit og 425 meter langt utgravingsområde.

Prosjekt-ansvarlig arkeolog Olle Helmsdorf frå Arkeologisk museum og teamet hans jublar over dette utrulege funnet som er gjort og det same gjer sjølvsagt direktør for Jærmuseet, avdelingsleiar på Vitengarden og resten av staben.

Rekninga for dette utgravingsarbeidet, kr 1.7 mill, vert dekka av Tine, Jæren Fjernvarme, Jæren Everk og Hå kommune. Feltarbeidet er nå gjort og arbeidet er avslutta.

Arkeologar_i_arbeid_2011Arkeologane_og_dei_tilsette_2011

Bileta over viser arkeologane i arbeid, og funna som vert vist fram då dei tilsette i Jærmuseet var på befaring på utgravingsområdet.

Fleire interessante funn

Hovudfunna ein har gjort omfattar stolpehol etter eit såkalla «toskipa langhus» på 18 x 5,5 meter, truleg frå rundt 2000 år f.Kr., som er slutten av yngre steinalder. Videre Videre er det funne ei menneskegrav med brente menneskebein, truleg frå rundet 500 f. kr. i overgangen mellom bronse– og jernalder.

I tillegg har ein funne ein masse potteskår og liknande som nå er teke med til analyse. Men for eit spesielt skår har dei alt slått fast at det er like gamalt som huset.

Stolpehola tyder på at huset har vorte fornya fleire gonger og at det og hadde eit spesielt inngangsparti som er interessant arkeologisk.

Det er nemlig i dei siste tiåra forska mykje på å få eit meir nyansert bilete av utviklinga av samfunn og levesett i Skandinavia så langt tilbake som desse funna på Kvia er frå. Dette gjer dette funnet ennå meir interessant.

I Norge, ikkje minst på Jæren, har ein påvist tidlige former for jordbruk og husdyrhald fleire tusen år før Kristus. Kor tidlig og kor utstrakte desse tidlige bøndene dreiv oversjøisk handel er og usikkert. Det er her koppe-skåret fra Kvia kjem inn i biletet. Koppen kan ha vore importert fra Danmark, sier arkeolog Astrid Bjørlo.

Sjefen, danske Hemdorff går lenger: – Jeg er overbevist om at koppen er produsert i Danmark, og viser til at både leirtypen og utforminga som bær preg av å vera av dansk opprinnelse. C14-analyser med eit slingringsmon på pluss/minus 30 år av kornrestar i stolpehåla, der keramikkskåret blei funne, vil gje fasitsvaret. Dersom koppen er laga rundt 2000 år f. Kr. – ja då bekrefter det også at dette er Norge sitt hittil eldste kjente gardsbruk, sier Olle Hemdorff. I tillegg vert funnet ein veldig god bekreftelse på at det nesten 3000 år før vikingtida var forholdsvis utstrakte oversjøiske forbindelsar mellom Jæren og Danmark over Skagerrak, påpeikar han. Også gravfunnet vil truleg gje interessant ny kunnskap.

For Jærrmuseet-Vitengarden er dette difor ei kjempestor gåve, idet ein nå får innsikt i både busetnad og folkelivet på denne tida. Kanskje kan Kvia-garden også få ein ny attraksjon om ein finn det aktuelt å byggja opp att huset, slik som det var. Arkeologen meiner at det truleg budde ein familie på fem til sju medlemer som dreiv hakkejordbruk og dyrka både rug og kveite og hadde husdyr.

Me fylgjer spent med vidare.

 

Tekst skrevet av Svein Inge Aarestad, redaktør for Vennelaget til Vitengarden sitt medlemsblad «Jærlappen»