Ferietilbod til ungane i Hå

Her er litt å velja mellom:

EI VEKE UTANOM DET VANLEGE PÅ GRØDALAND

Måndag til fredag kl. 9 – 15
Veke: 25, 26, 31 og 32. (De må søkja heile veker.)

Alder: 8 – 13 år

På Grødaland kan me: Leika og spela, gå til sjøen og krabba, gå i skogen, spikka og byggja hytte, laga forskjellig, kle oss ut, spela rollespel frå «gamle dagar», snikra, fiska m.m. Me lagar mat og serverer frukt kvar dag.

Pris kr 1000 pr. veke

Påmelding innan 13. mai på ins@jaermuseet.no tlf 95294513/ 95743682

EKSPRIMENTVEKA PÅ VITENGARDEN

Måndag til fredag kl. 8 – 15
Veke 25 og 32 (Du kan berre delta på ei av vekene.)

Alder: 5. 6. og 7. trinn

Er du litt nysgjerrig? Har du lyst å gjera noko kjekt i sommar? Lyst til å læra noko nytt? I eksperimentveka får du utforska og oppleva. Det vil vera eit dagsprogram med varierte aktivitetar innan tema: mat, kjemi og biologi, for å nemna noko.

Pris kr 1200 pr. veke

Påmelding innan 13. mai på: hl@jaermuseet.no

FERIEKLUBB NÆRBØ IL I NYE LOEN

Me vil invitera alle 1.-7.-klassingar i Hå kommune til ei aktiv veke full av opplevingar.

Her vert aktivitetar både inne, ute og på isen. Kvar veke har vi plass til 80 deltakarar.
Me serverer lunsj og frukt kvar dag.

Måndag til fredag kl. 9 – 15
Veke 25, 26, 31 og 32.

Pris kr 1200 pr. veke.

Påmelding innan 13. mai på post@narboil.no tlf: 51 79 11 50

ferieklubb_red