Eksperimentdag for barnehagane FULLT

Eksperimentdagane 7. og 8. mai er fullbooka og me tek ikkje imot fleire påmeldingar.

Ynskjer du å stå på ei liste og få beskjed når me tilbyr liknande dagar, kan du fylla ut dette skjemaet.

_

Om eksperimentdagen

Tradisjon tru vil me i år invitera til eksperimentdag for barnehagar på Vitengarden tysdag 7. mai og onsdag 8. mai. Me er innom fysikk, kjemi, biologi og matlaging på bål. Det vert seks ulike aktivitetar inne og ute med 20 minutt på kvar stasjon. Dette er eit tilbod til 5- og 6- åringane i barnehagen, altså dei som skal byrja på skulen til hausten.


Opplegget byrjar kl 09.30 og sluttar kl 13.30.
Lunsj og tid til frileik er mellom 11.00 og 12.00.
De tek med eigen lunsj.

Pris: 750,- for heile dagen pr. barnehage (Hå kommune har eigen avtale)

Det er veldig viktig å hugse å melda seg på, det nyttar ikkje å møta opp utan å vera påmelde. Her er det første mann til mølla. Påmeldingsfrist: fredag 12. april