«Ei verd på spel»

20100920mgr_071

Omtrent 80 gjester deltok på opninga av utstillinga ”Ei verd på spel”, blant dei ein god del politikarar og organisasjonsfolk frå Rogaland. På biletet ser vi mellom anna statssekretær Ingrid Fiskaa (t.h) i full gang med å planta nok skog før tida går ut.

«Ei verd på spel» er eit 250 kvaratmeter stort brettspel som tek utgangspunkt i FN sine 2015-mål. Det er fyrste gong temaet om urimelegheita i verda blir presentert på ein slik interaktiv måte. Du er spelebrikka, og må gjennom ei lang rekke oppgåver som set fokus på kor vanskeleg det kan vera å leva i U-land. Kor mange spedborn klarer du redda? Kven må gå utan vatn for at sjukehuset skal få det dei treng? Får du ta utdanning? – Sjå opp for landminer på skulevegen!

Over 2000 elevar og 1300 konfirmantar har no vore gjennom «Ei verd på spel» – og me har fått svært gode tilbakemeldingar. Brettspelet stod på Vitengarden [Nærbø] sidan hausten 2010 og vart sendt vidare til Sverige sommaren 2011.. Siste speledag var sundag 15. mai.

Les kva Stavanger Aftenblad skreiv om spelet her .

Sjå Amnesty International sin film og artikkel om «Ei verd på spel».

«Ei verd på spel» er utvikla saman med vitensenteret i København, Experimentarium. I tillegg til støtte frå det danske utenriksdepartmentet og fleire danske fond, så har NORAD og SR-bank gitt økonomisk støtte i Noreg. Nordisk kulturfond har bidrege økonomisk slik at utstillinga kan vandra frå Danmark, Noreg og til Sverige. Utstillinga er òg utvikla i samarbeid med fleire store internasjonale hjelpeorganisasjonar.