Kort om opplegget:
Me lagar små rakettar av sugerøyr og bles dei av garde. Me byggjer òg større rakettar av papir som me skyt opp med trykkluft frå ein kompressor!
- Går raketten best om han er lang eller kort?
- Er det best med mange eller få styrevengjer? – Og kvar bør vingene plasserast for at raketten skal fly best?
Kva kan me læra?
- Vidareutviklar motoriske ferdigheiter, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar
- Brukar fantasi, kreativ tenking og skaparglede
- Brukar ulike teknikkar, materiale, verktøy og teknologi til å uttrykkja seg estetisk
- Opplever, utforskar og eksperimenterer med naturfenomen og fysiske lover
- Lagar konstruksjonar av ulike materiale og utforskar kva moglegheiter reiskapar og teknologi kan by på
Tidsrom: Heile året
Varigheit: 1 time