Kor veks poteta? Kor kjem dei frå? Kva kan dei nyttast til? Me blir betre kjent med poteta, og får vera med å ta opp poteter slik dei gjorde før maskinane tok over dette arbeidet.
Kort om opplegget:
- kva treng plantane for å veksa
- kva er ei morpotet
- kvifor er nokre poteter grøne
- sortering av poteter etter storleik
- vask, kutt og steik poteter
Her gjeld fyrste mann til mølla, så ver snar og finn ein dag det passar og reserver.
Frå fagfornyinga:
Samfunnsfag, etter 2. trinn:
- utforske og presentere korleis menneska levde for éin til to menneskealdrar sidan
Naturfag etter 4. trinn:
- delta i hausting og bruk av naturressursar
Mat og helse, etter 4. trinn:
- utnytte lokale matvarer i matlaging og presentera ledda i produksjonskjeda frå råvare til måltid
- lage enkle måltid og bidra til å skape ei triveleg ramme rundt måltid saman med andre
- bruke reiskap… og enkle teknikkar i samband med matlaging
Varighet:
Me gjer tilpassingar etter kor stor gruppa er.
Kan bestillast:
Veke 37-39
Pris:
Gratis