Kjemi: Surt og basisk

Leik med surt og basisk

Vulkanar som boblar, ballongar som blæs seg opp av seg sjølve og rakettar som skyt til vers!

Kva skjer når ein blandar surt og basisk?
– Då oppstår det reaksjonar som kan boble, skumme og lage gass.

I dette opplegget får barna utforske enkle kjemiske reaksjonar gjennom trygge eksperiment med ingrediensar frå kjøkenet.
Me lagar mellom anna ein vulkan, ein ballong som blæs seg opp, ein ‘rakett’ som skyt til vers og utforskar korleis ulike væsker og gjenstandar har ulik tettleik.

Barna får kle seg i labfrakkar og vere forskarar for ein dag medan dei undersøker med alle sansane!

Kort om opplegget

  • Opplev spanande kjemi gjennom enkle og trygge eksperiment.
  • Me brukar ingrediensar ein kan finna på eit kvart kjøken.
  • Barna deltek aktivt og får undre seg over det dei ser.

Etter opplegget kan de utforske utstillingane på Vitengarden og besøkje dyra på garden.

Kva kan me læra?

Barna får:

  • oppleve enkle kjemiske reaksjonar
  • utforske korleis ulike væsker og gjenstandar har ulik tettleik
  • undre seg over det dei ser
  • utvikle språk gjennom samtale
  • øve finmotorikk med pipette og anna utstyr

Barnehagar:

Alder: 3–6 år

Tidsrom: Heile året

Varigheit: 45–60 min

 

Send førespurnad