Kart og kompass er grunnleggande verktøy på tur. Undervisningsopplegget er ei praktisk innføring i bruk av kart og kompass. Elevane får gjennom praktiske oppgåver og leikar ein introduksjon i å bruka desse reiskapane.
Kort om opplegget:
- Kva fortel kartet oss?
- Korleis brukar ein kompasset?
- Stjerneorientering
Frå fagfornyinga:
Kroppsøving: Uteaktivitet og naturferdsel gir grunnlag for naturglede, respekt for naturen og miljømedvit.
Kroppsøving, etter 10. trinn:
- forstå fleire typer kart og digitale verktøy og bruke dei til å orientere seg i kjende og ukjende miljø
Varigheit:
2 timar
Kan bestillast:
Veke 16 – 44
Pris:
Gratis