«Dyr du skulle ønske ikke fantes»

«Dyr du skulle ønske ikke fantes»

– ny utstilling på Vitengarden!

Torsdag 29. januar flyttar nokre skumle, løgne, rare, ufysne men òg litt søte dyr inn i kjellaren på Vitengarden. Lemen type A som er på biletet her er eit av dei, men det Islandske bankvesenet, Anakonda, Mongolsk Vannrotte og Revrestrictor er òg med på flyttelasset når utstillinga «Dyr du skulle ønske ikke fantes» kjem frå Harstad til Nærbø. Mon tru om husdyra vil verta glade når dei får selskap av desse?

Lemen type A

Dyra i utstillinga er dei som mange har blitt kjent med frå Jo Nesbø sine barnebøker. Du vil få nærkontakt med fantasidyr- og vesener som til nå har vore uoppdaga og skjult for offentligheita. Med god grunn, mange av dei er ganske så gufne.

Vinterferien 2015

«Dyr du skulle ønske ikke fantes» vil vera temaet i vinterferien på Vitengarden. I tillegg til å sjå utstillinga og oppleva dyra på nært hald saman med vertane, kan du få laga ditt dyr som du skulle ynskja ikkje fanst. Koss vert det sjåande ut? Kr. 30,- i tillegg til inngangsbillett, reserver verkstad i resepsjonen. Vitengarden si utandørsutstilling SNU vil vera open heile vinterferien. Her kan du prøva deg som menneskeleg jojo eller testa korleis det er å kjenna ein orkan på kroppen. På garden er det køyring med hest og kjerre og du kan møta kalven Hercules.

God og lokal mat i kafèen

Vitengarden har tilsett ny kokk og kafèansvarleg, Vidar Skjerahaug. Saman med vertane serverer han gode, varme supper og påsmurt, heimalaga bakarvarer, lapper og kaker kvar dag heile vinterferien og fast kvar onsdag og sundag framover,

Opningstider vinterferien (veke 8): måndag – fredag kl. 10 – 15, laurdag stengt, sundag kl. 12 – 17.

_____

I samband med utstillinga er det laga opplegg for barnehage og barneskular med tema knytta opp mot rammeplan og kunnskapsløftet. Bestill allereide nå – utstillinga står til og med 5. april.

Det er Naturhistorisk Museum og Aschehoug som i samband med den tredje boka i serien «Doktor Proktor» laga utstillinga. Den er for barn i alderenm 5 til 105 år. Utstillinga har vore fleire stader i landet, og har vore sett av nærare 250 000 personar. Det er fyrste gong utstillinga vert vist i Rogaland.