Den kongelige reise

DKR LOGO

Til Kong Harald og Dronning Sonja sine 75-årsdagar i 2012, ga regjeringa dei gåva «Den kongelige reise». Gåva består av seks utstillingar med skattar frå dei kongelege samlingane av kunst, kulturhistoriske gjenstandar og fotografiar. I november kjem ei av utstillingane til Vitengarden.

Kongelege køyretøy. Frå Berliner til Buick.

Normalt så er dei staselegaste køyretøya på Vitengarden, traktorane frå samlinga til museet. Traktorane vil frå november 2013 – februar 2014 vika plass for kongelege køyretøy, brukt mellom 1905 – 1945. Her vil det vera både hestekøyretøy som gallavogna som vart brukt til kroninga i 1906, Kronprins Olav sin elektriske miniCadillac, så vel som dei fyrste bilane slottet kjøpte inn.

H.K.K. Kronpris Haakon kjem til opninga

Det er gledeleg at H.K.H. Kronprins Haakon vil vera til stades under opninga på Vitengarden. Den offesielle opninga av utstillinga vil vera torsdag 7. november med fyrste opne publikumsdag sundag 10. november.

Meir informasjon?

Besøk nettsida Den kongelige reise

Kontakt avdelingsleder på Vitengarden, Helene Østby Larsen. Telefon 452 54 817 / hl@jaermuseet.no