Delfinale Super:bit-kampen.

Laurdag 19. mars blei delfinalen i super:bit-kampen arrangert på Vitengarden. I Rogaland var 14 lag kvalifisert, frå Moi i sør med laget JAA (Nygård barneskole) til Sauda i nord med laget MicroBit:Masters (Fløgstad skole).  

Delfinalen blei ein dag fylt av glede, mykje godt samarbeid samt utfordringar som krev ein god del programmering. I løpet av nokre timar skulle fire ukjente programmeringsoppdrag gjennomførast, i tillegg til ein kort presentasjon av lagets pimpa bit:bot.  

På Vitengarden blei resultatet: 

1. plass: Kode-Klode frå Hjelmeland skole. 

2. plass: Optimum frå Bogafjell skole. 

Delt 3. plass: Dolly frå Ganddal skole og House of developers frå Husabø barneskole i Egersund.  

Kode-Klode kvalifiserte seg til gullfinalen 13.mai, Me håpar dei stikk av med sigeren her og får ein “gullbillett” til MGPjr-finalen i Trondheim 28.mai.  

Takk for at de deltok, det var fantastisk innsats av alle lag!

Me ønsker dykk alle lykke til vidare med programmeringa!