Batlam til Japan – og på TV2

Like etter at lammet Batlam vart født på Vitengarden 21. april, spreidde biletet av lammet seg raskt på sosiale medier og i aviser over heile verda. Lammet, som har to heilt identiske flekkar rundt augene, vart raskt samanlikna med superhelten Batman. Men utsjånaden vakte òg oppsikt innanfor Black Metal miljø over heile verda, som tok lammet til seg som sin «maskott» og som meinte lammet frå Nærbø likna vel så mykje på musikarane Abbath eller Kizz.

Japansk TV-team

Nyheita om Batlam på Vitengarden nådde òg den japanske TV-stasjonen TV Tokyo, via sosiale medier. Dei tok kontakt og ei veke seinare var dei på besøk og filma både Batlam, søskenet Robin og mora Guri. Heile familien solte seg i glansen av kamera og kjendislivet.

Batlam vert ein halvtimes innslag på TV Tokyo, eit program som skal gå over 2,5 time med 5 ulike innslag frå Norge. Det vert vist i Japan 26. juli.

TV2

Eit par dagar etter TV Tokyo var på besøk, vitja òg TV2 Vitengarden for å visa fram verdskjendisen frå Nærbø til resten av landet. Batlam har etterkvart blitt eit stort lam, og sidan det er av rasen Gammal norsk spælsau, er det heller ikkje det som er lettast å temma. Dei markante flekkane har òg lysna så for å bli heitande Batlam, må det kanskje litt sminke på til neste intervju? 🙂

Sjå reportasjen frå TV2 her.

20140625 ERB TV2 på besøk

Batlam går saman med resten av sauene på Vitengarden. Skal du på besøk til oss i sommar, må du sjå om du finn han.